Innstranda i Bodø
Innstranda i Bodø kommune er det gamle bygdelaget som strekkjer seg frå Hunstad til Inner-Vikan langs sørsida av Bodø-halvøya. Bygdelaget grensar mot Kirkegrenda i vest og mot Tverrlandet i aust. I nord grensar bygdelaget til Nordstranda. Dei nybygde gardane kring Soløyvatnet blir rekna til Innstranda, men blir kalla Soløymarka (el. Marka), i motsetning til sjølve Stranda. Dei 21 matrikkelgardane på Innstranda er:
- Langs Stranda: Hunstad (gnr. 41), Mørkved (gnr. 42), Bertnes (gnr. 43), Fenes (gnr. 44), Støver (gnr. 55), Vester-Åsen (gnr. 56), Auster-Åsen (gnr. 57), Valle-Nystad (gnr. 58), Kvalvåg (gnr. 59), Ytter-Vikan (gnr. 60) og Inner-Vikan (gnr. 61).
- I Soløymarka: Mjåvasslia (gnr. 45), Svartnes (gnr. 46), Skarmoen (gnr. 47), Steinmoen (gnr. 48), Mosti (gnr. 49), Soløya (gnr. 50), Sandjorda (gnr. 51), Kolhus (gnr. 52), Tussvatnet (gnr. 53) og Bagglia (gnr. 54).
Etter som Bodø by har vokse, har stadig fleire av gardane på Innstranda hamna innanfor bygrensa, og store deler av Hunstad (1970–1974), Mørkved (1978–1988), Bertnes (1982–1984), så vel som mindre deler av Støver (1985) er no tettbygd strøk.
Litteratur
- Gudbrandson, Terje: Bodin bygdebok II:4 : Gårds- og slektshistorie for Innstranda. Bodø : Bodø kommune, bygdebokkomitéen, 1992.