Islandshøns

Islandshøns eller landnåmshøns (islandsk (íslensk) landnámshæna) er ein hønserase frå Island. Landnåmsfolket frå Noreg hadde med seg høns til Island da dei busette seg der kring slutten av vikingtida, og islandshønene har sin nærmaste slektning i den sørvestnorske jærhøna. Hønene er relativt store (kring 2 kg), med stor variasjon i kam, fjørdrakt og skinn- og fotfarge. Egga er kvite og relativt store (50–65 g). Islandshønene er hardføre og flinke til å finne sin eigen mat. Gemyttet er rolig. Dei er stabile eggleggarar og har gode rugeeigenskapar. Massiv import av kommersielle hønserasar kring 1950-åra førte til at islandshønene mesta forsvann, men frå 1970-åra og utover har det vore drive aktivt bevaringsarbeid, og det finst nokre få tusen reinrasa islandshøns i dag. Dei første islandshønene i Noreg vart innført i 1996.

Islandshøne på Solskjelsøya i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne (2015).

Bildegalleri

Kjelder

Lenkjer