Jødisk liturgi er først og fremst konsentrert kring dei tre daglige gudstenestene i synagogen — sjaḥarít (morgongudsteneste), minḥá (ettermiddagsgudsteneste) og ˤarbít = maˤariv (kveldsgudsteneste). Innanfor rabbinsk jødedom er den grunnleggande liturgien relativt lik på tvers av dei ulike tradisjonane og retningane. Kjernen i både morgon- og kveldsgudstenesta er «Sjemáˤ Jisraél» (Hør, Israel); i alle gudstenestene står ˤAmidáen (den ståande, stille bøna) sentralt; og kvart hovudledd i liturgien blir konkludert med Kaddísj.
Kjelder og litteratur
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|