Johan Carl Louis Lengnick

Johan Carl Louis Lengnick (fødd 1796, død 1865) var ein dansk offiser og slektsforskar som er kjent for å ha skrive boka Om Genealogiske Undersøgelser som og Kirkebøger, Legater o.s.v. (København, 1842), ei lita bok på 47 sider som blir rekna som den første danske læreboka i slektsforsking. Personalhistoriske Bidrag vedkommende Danmarks og Norges Geistlighed i ældre og nyere Tid frå 1853 er ei viktig kjelde til slektshistorisk informasjon om prestar i Noreg.

Lengnick var utdanna som jurist, og han var òg offiser. Han blei i 1834 major. I 1838 var han ein av grunnleggjarane av Det genealogisk-biografiske Selskab, og han gav i åra 1841–1858 ut fleire slektshistoriske samlingar. I tillegg til trykte bøker er det bevart 77 band med avskrifter og utdrag frå kyrkjebøker.

Kjelder

Ekstern lenke