Jondals fyrstikfabrik
Jondals fyrstikfabrik låg ved Haugefossen i Jondal kommune i Hardanger. Fabrikken vart etablert i 1876, men alt i 1883 vart han nedlagt.
Initiativtakar var Knut Vik, som var onkelen til kona til fyrstikkpioneren Abraham Nilsson frå Sverige. Nilsson hadde starta fleire fyrstikkfabrikkar i Noreg, mellom anna på Valen i Kvinnherad, og etter invitasjon frå Vik kom han òg til Jondal. Her vart det danna eit aksjeselskap, der lokale interessentar skaut inn kapital. Fabrikken ved Haugefossen vart ein nokså stor arbeidsplass, som i 1879 sysselsette 41 personar.
Til liks med fleire andre fyrstikkfabrikkar brann òg anlegget i Jondal ned. Dette skjedde 16. mai 1880. Året etter vart han bygd opp att, men i 1883 var det slutt for godt. Verksemda bukka under i konkurransen frå dei større fyrstikkfabrikkane på Austlandet.
Torkel Røed frå Hålandsdalen kjøpte fabrikkbygget og vassrettane, og i 1891 starta han ein mindre trevarefabrikk her, med 5-10 tilsette.
Kjelder og litteratur
- Losnegård, Gaute: Jondal kommune - Frå øksehogg til tastetrykk, Jondal kommune 2006, s. 302-303.