Lesund skulekrins

Lesund skulekrins var ein tidlegare grunnskulekrins i Aure kommune. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund.

Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009.
Foto: R. Lie

Nytt skulehus

Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som stod for.

Nedleggjing

I 2009 vart Lesund skule nedlagt, og elevane i krinsen vart flytta til Aure barne- og ungdomsskule.

Kjelder

Sjå også