Lokalhistoriewiki:Hood/Kladdeside
Prinsen var ei bygning knytt til stranda i Ratvika i dagens Ålesund kommune, etter at denne staden vart oppdaga som badestad av austlendingen Alf Konglevold.
I mellomkrigsåra oppstod konseptet fritid, der ein hadde avgrensa og definerte dagar der ein ikkje trong arbeide. Dette gjorde at behovet for noko å drive med i fritida oppstod, og det kom fleire tilbod om fritidssyslar.[1]
Då tok ein til med å lage forretningar av fritidstilbod til publikum. Det som vart kalla baderestauranten Prinsen opna i juni 1931, og vart ein viktig del av fritida til folk i nærområda i tiåra etter. Ratvika, i dåverande Borgund kommune, ligg ca ei halv mil frå Ålesund sentrum, og byfolket drog inn på bygda for å bade. Bygget låg i strandsona til garden øvste-Ratvika, som Ole og Laura Ratvik dreiv.[2] Ole var andre generasjons gardbrukar her. Bygget vart mykje brukt som selskapslokale, og vart rive i 1972.