Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-36
Hans Hansen Schikkelstad (fødd i Vardal i nåverande Gjøvik kommune 4. september 1789, død same stad 29. mars 1843) var gardbrukar, handverkar, industrigründer og politikar. Hans liv og næringsverksemd teiknar eit klassisk bilete av den tidlege industrialiseringa, frå handverk og heimeindustri over forlagsorganisering av produksjonen til moderne fabrikkdrift. Han grunnla Brusveen Spiger- og Staaltraadfabrik, som over dei neste to-tre generasjonane skulle utvikle seg til industribedrifta O. Mustad & Søn, som i dag er eit verdsomspennande konsern.
Schikkelstad var den fyrste ordføraren i Vardal frå 1838. Han var stortingsmann for Kristians Amt i 1833, i det tiåret da bondepolitikken fekk sitt store gjennombrot.Les mer...