Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2022-52
Rosslandsguden er eit steinhovud frå garden Rossland i Sokndal. Det vert vanlegvis datert til eldre jernalder, helst folkevandringstid. Sersjant Lars Rossland skal ha funne det 61 cm høge hovudet, laga av lokal labradoritt, i ei ur i første halvdel av 1700-talet. Seinare stod figuren i tunet på garden. Ifølgje tradisjonen tok mennene av seg hatten når dei passerte steinhovudet. Men ikkje alle hadde like stor vørnad for Rosslandsguden. Skadane på nasa skal koma av steinkasting. Figuren vart i 1910 seld til Dalane Folkemuseum for 5 kr. Les mer...