Magnus Jansens Bakeri og Konditori

Magnus Jansens Bakeri og Konditori blei starta av Magnus Jansen i 1919. Bedrifta låg i Drangedal i Telemark.

Interiør frå Jansens Bakeri og Konditori, ca. 1942.
Foto: Ukjend fotograf / Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Historikk

Magnus Jansen leigde frå byrjinga lokalar for å drive bakeriet. I 1921 kjøpte han nytt lokale og innreidde dette med to bakarovnar. I 1939 bygde han eit nytt bygg attmed det gamle der det vart baka kjeks og hardt brød. Grunnflata vart no 184 kvadratmeter. Seinare vart det installert elektrisk ovn for brødbaking i det nye bygget.

Bedrifta leverte varer til kjøpmenn i heile kommunen. I tillegg vart det solgt bakevarer i detalj frå eige utsal. Kjeksa vart levert til grossistar. Produksjonen var på om lag 900 brød og 100-150 kilo kjeks per dag på 1940-talet. Bakeriet sysselsatte fire bakersvenner og seks damer.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.