Markane krins

Markane krins er ein skulekrins i Stryn kommune krinsen dekka Nordmarkene i gamle Stryn kommune, det vil sei gardane Svingeset, Fænn, Dybevold, Inigard Maruset, Hatledal, Dale og Kroken. I 1867 vart krinsen slegen saman med Bergsida krins og gjekk under namnet Markane og Bergsida krins. I 1870 vart Markane og Bergsida på ny skilde.

Markane skule hadde omgangsskule til 1929. Etter det heldt dei skule i ungdomshuset Skogstjerna. Frå skuleåret 1950/51 gjekk elevane frå Sørmarkene (gamle Innvik kommune) også på skule i Skogstjerna ungdomshus. Stryn og Innvik kommunar samarbeidde såleis om skulen fram til kommunesamanslåinga i 1965. 

Skulehus

Frå 1930 vart det halde skule på ungdomshuset Skogstjerna. Etter kvart vart det sett opp brakker bak ungdomshuset for å huse fleire klasserom og lærarrom. Markane skule vart lagt ned sommaren 1996, og elevane vart overførde til Tonning krins.

Skuledagen

Tilsyneutvalet behandla i 1890 om "legemlig straff" skulle anvendes i krinsen. Utvalet var då samrøystes mot bruk av fysisk straff i skulen.[1]

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Lien P. 1870 1891 1897 Stord seminar Også lærar i Bergsida krins


Fotnotar

  1. Møtebok for Markane tilsynsutval/foreldreråd, 1890 - 1981. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder