Molybdenvegen (Tokke)

MolybdenvegenDalen i Tokke kommune er ein 100 meter lang blindveg som går nordover frå Markensvegen. Sju bustadhus har adresse til Molybdenvegen.

Molybdenvegen sett nordover frå Markensvegen. Oppe i lia ser vi direktørbustaden Villa Myrrinden.
Foto: Roy Olsen (2020).

Vegen har namn etter Dalen Gruber som var i drift frå 1916 til 1919.

I dag er det bare den gamle direktørbustaden «Villa Myrrinden» som står att av gruveanlegget. Villaen blei bygd som bustad for direktøren ved Dalen Gruber, Otto Falkenberg, og ligg godt synleg i lia over Dalen sentrum. «Myrrinden» var namnet på ein husmannsplass som låg der før gruvedrifta kom i gang.

Sjå også

Kjelder


Koordinater: 59.44450° N 8.01283° Ø