Myklemyr ungdomslag
Myklemyr ungdomslag er eit nedlagt ungdomslag for Myklemyr krins i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det var det nedste (sørlegaste) av tre ungdomslag i bygda. Laget vart skipa tidleg på 1900-talet og bygde i 1927 ungdomshuset Bergheim. Det hadde eit handskrive lagsblad med namnet Veslemøy.
Det har ikkje vore aktivitet i laget sidan 1970-åra. Jostedal ungdomslag dekkjer i dag òg Myklemyr.
Litteratur
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 351-352.