Nordre Vartdal

Nordre Vartdal er ei bygd som ligg langs Vartdalsfjorden i Ørsta kommune. Bygda ligg midt i det geografiske området i kommunen som blir kalla Vartdalstranda som før 1964 var eigen kommune, Vartdal kommune. Nordre Vartdal har omlag 160 innbyggjarar fordelt på 1,5*2 km og inneheld dei tre matrikkelgardane Nøre-Vartdal, Aarskog og Øydgarden. Bygda ligg sentralt på Vartdalstranda med E39 som gjeng forbi, her ligg både Vartdal kyrkje og Vartdal helsetun, kommunal aldersheim og sjukeheim.

Nordre Vartdal, sett frå Korshamna.
Foto: Frode E. Vartdal

Kjelder

  • Grøvik, Ivar. Vartdalssoga band II, allmenn soge. Volda trykkeri, Volda 1982.
  • Grøvik, Ivar. Vartdalssoga band III, allmenn soge. Egset trykk, Volda 1985.