Norsk folkedraktforum
Norsk folkedraktforum er ein landsomfattande organisasjon som arbeider med norske bunader som er ei vidareføring av folkedraktene som ikkje var ute av bruk før dei vart tekne i bruk som bunader, eller bunader som er rekonstruerte folkedrakter. I 2025 har organisasjonen cirka 160 medlemmer.
I følge vedtektene vil Norsk folkedraktforum ivareta tradisjonelt handverk og vidareføre kunnskap om materiell og immateriell folkeleg drakttradisjon, og synleggjere dette gjennom bunadbruk i dag.
Norsk Folkedraktforum er ein del av paraplyorganisasjonen Norges Kulturvernforbund.