O. A. Terjesen Landhandel
O. A. Terjesen Landhandel låg på Helle (Solhaug, søndre) i Kragerø kommune. Forretninga blei starta 1. juli 1900 av O. A. Terjesen. I 1930 overtok sonen, Trygve Terjesen, forretninga.
I forretninga blei det solgt alle typar kolonialvarer. Kundane kom frå Helle og dei tilstøytande krinsane. Forretninga sysselsatte ca. tre handelsbetentar kring 1950. Den vart nedlagt ei gong på 1950-talet.
Arkiv
Delar av arkivet frå O. A. Terjesen sin landhandel er ordna ved Berg-Kragerø Museum. Oversikta over arkivet kan studerast på lenka til arkivportalen.
Kjelder
- Johs. Sætherskar (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- O. T., "Butikker i Sannidal (Del 2)", i ARVEN: Meldingsblad for Sannidal historielag, nr. 53, 2/1998, ISSN 0800-2347. Lenke til digital utgåve på Sannidal historielag si heimeside.