Oline Øverland

Oline Øverland (fødd 17. desember 1896Seljordshei, død 1978 i Seljord) var vevar og lærar i husflidsteknikkar som plantefarging, spinning og andre tradisjonelle kvinnehandverk som bunadsaum og -montering.

Vevjentene er klare for utstilling rundt 1950, Oline er den tredje frå venstre.
Jentene i vevstoga til Oline på Klokkarstogomoen rundt 1950.

Oline blei fødd på Fiskhøl under Øverland på Seljordshei. Foreldra var skogfogd Nils Knutson Kåterud frå Nes i Hallingdal. På Heii kvar han kjend som Nils Fiskhøl. Mor var Sigrid Andresdotter Sollid frå Morgedal.

I våre dagar ville vi kalle ho ein «gründer». Ho flytte frå Heii til Nordbygdi i Seljord og derifrå til Klokkarstogomoen i Seljord. Ho hadde vore raskt ute og starta med både saum- og vevkurs på Borgen. Dei første salsutstillingane heldt ho og der. Etter krigen kjøpte ho seg eit hus på Klokkarstogomoen der ho hadde eiga vevstoge. Her tok ho inn «lærlingar», og heldt kurs for unge jenter. Slik førde ho vidare tradisjonen etter Johanne Nylænd (1855-1930) som ho sjølv hadde lært så mykje av, og føringane frå Telemark Landbruksselskap som hadde tatt initiativ til skiping av eit husflids- og husindustrilag i fylket. Det blei derfor ei oppgåve for det nye laget å lære folk opp i handarbeid, og laget gjekk straks i gang med å halde ymse «opplæringsskeid». Det blei tilbod om kortare og lengre kurs som tok sikte på å stimulere til produksjon for sal, og bevare gamle teknikkar som ein frykta kunne døy ut. Oline deltok iherdig i dette arbeidet. Ho var aktiv både med utforming, produksjon, distribusjon og utstillingar, og hadde ansvar for elevar og tilsette.

Ho seier dette sjølv om bakgrunnen for at ho lærde seg å veva og korleis dette blei næringsvegen hennar:

I min barndom var det vanleg at dei vov til husbruk i nesten kvar heim der det var kvende i arbeid. Dei vov til gångeklær og sengetøy, dukar og golvryer. Slik var det au heime hjå oss. På det viset blei eg tidleg interessert veving. Eg hadde jamvel vove noko på stoffet i kjolen eg gjekk i den dagen eg tok til på skulen. Eg stal meg til å veva frå først av, og fekk nok irettesetting for det, men var det brukeleg det som eg hadde vove, så let mor meg halde fram. Til å byrje med nådde eg ikkje ned til trøene, så eg laut stå på dei for å få skil. Eg var 13 år då eg sette opp vev på eiga hand. Då rende eg og sveipte den aleine, mor hjelpte meg berre med å rekne ut avstanden mellom trådane på sveipeskeii og feste renningi på bommen.[1]

I starten var det Telemarksteppe som var den beste salsartikkelen, etter krigen blei det vove mykje bruksting i vevstoga, slikt som ein kalla nyttevev: Dukar, teppe, pledd og gardiner. Løparar og veggteppe var ofte vove i smetteteknikkar, rosebragd og krabbasnor. Oline vov og kunstvev: portierar i dragemønster som var design etter mora. Desse var svært etterspurde og «var like fine på baksida som på framsida». Garnet var sjølvsagt plantefarga.

Utstillingar av kvalitetshusflid og handverk finn vi framleis i Seljord; vidareført både av Dyrskun og Sommarutstillinga i Seljord. Såleis har óg ein del av tinga etter Oline Øverland blitt vist i Seljord kunstforening, og seinare på ei utstilling i GongestogoDyrskun i 2008. Vest-Telemark museum har overtatt ei samling av arbeid, utstyr og fargeplansjar etter Oline Øverland si vevstoge i Seljord.

Fotnotar

  1. Telnes, Sigurd Dyrskun 2008. Kunsthandverkar og tradisjonsbærar Oline Nilsdotter Øverland 1896-1978. Dyrskun arrangement AS i samarbeid med Vest-Telemark museum

Kjelder

  • Kultur og Historie : Årsskrift for Seljord Sogelag 2016-2017 ISSN 0805-31-38
  • Telnes, Sigurd Dyrskun 2008. Kunsthandverkar og tradisjonsbærar Oline Nilsdotter Øverland 1896-1978. Dyrskun arrangement AS i samarbeid med Vest-Telemark museum.

Eksterne lenker