Otto Aanesens Båtbyggeri
Otto Aanesens Båtbyggeri var eit båtbyggeri som låg på Krabberødstrand ved Stathelle i Bamble kommune. Båtbyggeriet vart starta i 1840-åra, og vart heldt i drift fram til slutten av 1960-åra. I løpet av denne perioden produserte verksemda meir enn 2 500 båtar.
Historikk
Otto Aanesens Båtbyggeri vart starta i 1840-åra av Ole Aanesen frå Vegårshei. Sønnen, [Oluf Aanesen]], og borneborna Otto og Ole Aanesen tok over verksemda etter oppstarten, og båtbyggeriet var slik ein del av familien fram til slutten av 1960-åra.
Båtbyggeriet var kjent for sine vakre og velbygde båtar, særleg "kogger" og "lystbåtar". Materialet som vart nytta henta båtbyggarane sjølve i skogane kring Krabberødstrand. Tømmeret vart deretter frakta sjøvegen til båtbyggeriet der ein hadde sag til å lage materialar. I 1913 skaffa ein seg ei sag som blei driven av ein 50 Hk parafinmotor.
Arkiv
Delar av arkivet etter Otto Aanesens Båtbyggeri er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Gardåsen, Tor Kjetil, Kystguiden : Telemark : kulturhistorisk reisefører for Telemarkskysten, Skien : Thure forl., 2000. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.