Prestvegen (mellom Gjerstad og Vegårshei)

Prestvegen er vegen mellom Egddalen i Gjerstad og TakseråsVegårshei, namnet kjem av at vegen er blitt nytta av presten mellom Gjerstad kjørke og Vegårshei kjørke.

Bilvegen

Prestvegen som vi kjenar han i dag er blei påbegynt under den andre verdskrigen. Arbeidslaga som bygde vegen var drivne av tyskarane. Og det seiast at dei gjore så dårleg arbeidet dei berre torde, noko som merkast i dag. Bilvegen var ferdig til Byttingsmyr i 1959 og blei gjennomfartsveg til Takserås i 1968.

Den gamle Prestvegen

Frå Egddalen til fylgjar den gamle Prestvegen stort sett dagens bilveg til Vegårshei-byttet. Frå byttet og vidare vestover går bilvegen om heiane, medan gamlevegen går ganske beint fram over heiane, til Takserås. Ein kan finne att store delar av strekninga som kjerreveg.

Den eldgamle Prestvegen

Då Prestvegen berre var er rideveg gjekk han ei meir ubein line noko lengre sør. Frå Egddalen, passerte sør for Skaldrup og kom opp til Stemtjenn. Vidare gjekk han opp under Fauliåsen, inn Stemtjenndalen og opp på Fjellstølåsen. Herifrå vidare over raddane til Ljåmyrdalen og vidare opp i Ulvsåsen til Ytre Vehus og forbi Prestkonekjenna. På Vegårsheisida gjekk han sør for den gamle Prestvegen.

Kjelder

Arneberg, Bjørn: Gamle grender. Fone, Byholt og Haugeto grunneigarlag 2005