Riksfondet for nynorsk presse
Riksfondet for nynorsk presse er ein frivillig organisasjon som gjer støtte til nynorske medietiltak. Alle media som har nynorsk som sitt målføre kan få støtte, men fondet har også ei særskild støtteordning for nynorskavisa Dag og Tid. Organisasjonen vart grunnlagt 2. april 1964, med Hartvig Kiran som fyrste formann og Erling Lægreid som sekretær.
Inntektene kjem frå medlemskontingent og gåver frå medlemmane og andre støttespelarar.
Sidan 1986 har fondet årleg delt ut Heidersprisen Aasmund Olavsson Vinje.
Kjelder
- Riksfondet for nynorsk presse på Wikipedia på bokmål og riksmål
- «Avisa som overlevar alt» på Norsk Pressehistorisk Forening si nettside