Rinddalsstøylen
Rinddalsstøylen ligg 660 moh. på grensa mellom Stad og Volda, i bygda Høydalen. Namnet kjem av «Rinden», som er eit område vest for støylen. I vest ligg Skarehornet med Feirdalen, og i aust ligg Eidskyrkja.
På 1800-tallet blei sel og fjøsar frå Høydalsdalen og Indre Høydalen flytta frå Feirdalen til Rindalen. Der stod dei fram til slutten av 1970-tallet. I dag er det leivdalingar som har beitedyr i Feirdalen, i tillegg til eit sauebruk i Høydalen.
Slutten av dei gamle sela
I 1978 kom den fyrste snøfonna og tok alle sel, utanom Bakkane og tre sel i Dalen. Eigarane fekk erstatning frå kommunen og sela blei fort bygde opp igjen, men då som hytter. I 2005 vart eit sel påbygd og restaurert, og i 2007 byrja eit anna restaureringsprosjekt. I jula 2011 reiv stormen "Dagmar" taka av tre av desse hyttene.
Historier
Ein mann frå Høydalen skulle ha tatt med seg ei ku i båten på Heimste Rinddalsvatn. I følgje ei kjelde skulle båten kolve, men mannen og kua kom seg heilberga opp på land.
Kjelder
- Gamle sagn og historier frå Høydalen.