Søvik Samyrkjelag vart starta 18. februar 1946, og det vart innbetalt 4600 kroner i ansvars- og låneinnskot. Dei fleste innskytarane var gardbrukarar. Først i mars 1949 fekk styret løyve av forsyningsnemda i Borgund til å starte utsal[1]. Dette mykje på grunn av at det nystarta skipsbyggeriet på Søvikneset førte med seg mange nye innbyggjarar og nye eineboligar. I 1969 vart det bygd eit tilbygg der Borgund Sparebank flytta inn i april 1970.[2]
Formenn
- 1946-1947 Johan Søvikreit
- 1948 Alfred Pilskog
- 1949-1950 Hans J. Søvik
- 1951-1952 Magnus M. Søvik
- 1953-1954 Arne Nogva
- 1955-1956 Ivar R. Søvik
- 1957-1961 Knut Flo
- 1962-1963 Jon K. Søvik
- 1964 Magnus J. Søvik
- 1965-1966 Sverre Gamlem
- 1967-1968 Lars Havnsund
- 1969-1971 Arne Hjelle
- 1972-1973 Petter Pettersen
Kjelder
- ↑ Årsmelding og rekneskap 1973; Søvik Samyrkjelag 25 år
- ↑ Årsmelding og rekneskap 1969; Søvik Samyrkjelag
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|