Sandane
Sandane er ein tettstad og administrasjonssenter i Gloppen kommune i Nordfjord, og ligg inst i Gloppefjorden. Det var i januar 2020 drygt 2446 innbyggjarar der.
I sentrum finn ein fleire historiske bygningar, mellom anna Gloppen hotell og heradshuset med eit særprega klokketårn. Dei fleste bygningane er av nyare dato. Dei fleste bustadene finn ein på Åsen sør for sentrum og Leirbrekka nordvest for sentrum.
Rett utafor Sandane, på Jølet, ligg Nordfjord folkemuseum som har gamle hus og gjenstandar frå Nordfjord. Sandane lufthamn Anda ligg også rett ved tettstaden. Firda videregåande skule ligg og på Sandane.
Kjelder
- Sandane på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2014
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2020.