Saubøvegen
Saubøvegen i Tuddal i Hjartdal kommune er ein blindveg som slyngjer seg nordover i Solheimsbeitet frå Gaustavegen til eit felt med 20 hytter. Han er 690 meter lang og ligg på garden Saubø sin grunn.
![](/thumb.php?f=Hjartdal%2C_Saub%C3%B8vegen-1.jpg&width=400)
Saubøvegen sett frå Gaustavegen.
Foto: Roy Olsen (2022).
Vegen har namn etter garden Saubø (gnr. 104/4) og vart namnsett i 2011.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf