Sekondløytnant
Sekondløytnant var den lågaste offisersgraden i Noreg til 1930. Frå da av vart nemninga avløyst av fenrik. I perioden ca. 1880-1930 var sekondløytnant helst brukt på uteksaminerte frå Krigsskulens nedste avdeling. Dei var vernepliktige offiserar, dvs. reserveoffiserer. Frå Krigsskulens øvste avdeling (toårig påbygg på nedste avdeling) vart ein uteksaminert som premierløytnant og kvalifisert som yrkesoffiser.