Setesdal futedøme

Setesdal futedøme (Setesdal fogderi) vart oppretta omkring 1660 som Råbyggelaget futedøme. Det skifta navn til Setesdal i 1866, og vart nedlagt i 1919. Området det dekka tilsvarar dagens Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle kommunar i Setesdal.

Tinglaga i futedømet var i 1684 Valle, Ose, Hornnes, Vegusdal og Risland. I 1850 var dei to sistnemnde delt i Vegusdal, Åmli og Vegårshei tinglag. Åmlå og Vegårshei vart overførd til Nedenes futedøme i 1866, samstundes som Råbyggelaget endra namn til Setesdal.

Kjelder

Eksterne lenker