Sira kyrkje
Sira kyrkje er ei åttekantkyrkje i Eresfjord, Nesset i Molde kommune. Kyrkja er fra 1869 og bygd i treverk. Ho har 307 sitjeplassar.
Kyrkja vert óg kalla Eresfjord kyrkje, eit namn som vart nytta om kyrkja som sto på same staden frå byrjinga på 1700-talet til 1860-åra og om stavkyrkja ho erstatta. Då den vesle krosskyrkja frå 1700-talet vart for liten og trong reparasjonar vart ho riven, og kyrkjelyden fekk reist dagens kyrkje. Ho skal ha vorte reist ut frå teikningar som soknepresten fekk tilsendt.
Kjelder
Eksterne lenkjer
- Sira kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no