Sjebek

Ein sjebek (gjennom eldre fransk chabec og eldre spansk xabeque frå arabisk شباك [šabbāk]) er ei relativt skarptseglande, lita til mellomstor ro- og seglskute med to eller tre mastrer, og med latinseglrigg på minst éi av dei.

Algiersk «Cherbecqve» (sjebek) teikna av Christian Børs frå Bergen ut frå opplevingane hans i 1769.

Sjebekane var populære som kaperskip blant piratar frå Berberstatane kring 1600- og 1700-talet, og etterkvart vart dei vanlige i fleire europeiske land òg — da oftast som reine seglfartøy.

Kjelder og litteratur