Storaker krins
Storaker krins i Hyllestad kommune var eigen skulekrins frå 1861 og fram til den vart lagt ned i 1958. Krinsen var uendra heile perioden og bestod av gardane Porten, Storaker Ytre- og Indre Skorpa og Sagosen.
I 1958 vart krinsen lagt ned og elevane sendt til Borsholm krins
Skulehus
Det står eit hus i Porten som lenge vart nytta som skulehus.
Skuledagen
Skulevegen
Ungane som budde på andre sida av sundet måtte bu i Porten medan det var skule. Lærarinne Ida Myklebust Øen var lærar i krinsen i 30-åra. Ho husgsar godt to gutar frå Skorpa som budde i Porten då det var skule. Dei hadde med sin eigen mat som dei måtte ete, berre graut.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Myklebust Øen | Ida | Vassenden skule, Storaker skule, Øen skule | 1933 | 1958 | Var småbarnsmor og hadde delt lærarpost mellom Storaker og Vassenden krinsar. |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Karakterprotokoll for Storaker, Borsholm, Skivenes og Krakken, Aasmul, Skivenes og Sandnes skoler, 1870-1888. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Karakterprotokoll for Storaker, Aasmul, Borsholm, Skivenes og Sandnes skoler, 1889-1909. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Storaker, Aasmul, Skivenes og Sandnes skoler, 1874-1882. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Storaker, Aasmul, Skivenes, Borsholm og Sandnes skoler, 1883-1899. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
Digitale kjelder
Ikkje-prenta kjelder
- Skule- og kommunestyreprotokollar frå Hyllestad
- Samtale med Oddlaug Øen Nistad