Syrin (latin syringa) er ei buskslekt der fleire artar dyrkast som prydbusker i Noreg. Blomane, som veks i store klasar og oftast er kvite eller fiolette, er særs velluktande.

Nikkesyrin (syringa reflexa) på Nordmøre.
Foto: Olve Utne (2008).

Den første syrinen i Noreg blei planta omkring 1750, etter at busken hadde vore kjend i Europa sidan 1560-åra.

Dei vanlegaste artane i Noreg er:

  • Vanleg syrin (syringa vulgaris), veks i heile landet, særleg utbredd nord til Ofoten. Kvite eller lys fiolette blomar.
  • Ungarsk syrin (syringa josikaea), vanlegaste art i Nord-Noreg. Kvite, fiolette eller djuprøde blomar i klasar som peiker oppover.
  • Nikkesyrin (syrnga reflexa), vanlegaste art i Sør-Noreg, mindre hardfør enn ungarsk syrin. Rødfiolette blomar i hengande klasar.
  • Kinasyrin/parlsyrin (syringa chinensis), fiolette blomar heng i store, tunge klasar.
  • Persersyrin (syringa persica), mindre, fiolette blomar i små klasar.
  • Japansyrin (syringa amurensis var. japonica), kvite blomar mest uten kronrør.

Galleri

Kjelder