Vår Butikk

Vår Butikk AS vart skipa i 1979 med Margrethe Aure, Bastian Aure og Kristin Emdal som aksjeeigarar. Firmaet leigde butikk- og lagerlokale på om lag 180 m2 i forretningsbygget til Severin Bakke, og førte eit moderne utval av dame- og ungdomsklede.

I 1983 var det fire deltidstilsette i firmaet.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.