Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd
Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd er Den norske kyrkja sitt fellesråd i Valle kommune i Setesdal. Einaste sokn er Valle og Hylestad, med dei to kyrkjene Valle og Hylestad. Fellesrådet ligg i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme.
I september-oktober 2018 flytta kyrkjekontoret frå kontora i underetasjen på kommunehuset og inn i det då nybygde kulturbygget Sæbyggjen sentralt i tettstaden Valle. Tidlegare låg kommunen i Valle prestegjeld, som óg omfatta Bykle sokn.
Kyrkje | Stad | Byggjeår | Bilete |
---|---|---|---|
Hylestad kyrkje | Rysstad | 1838 | |
Valle kyrkje | Valle | 1844 |