Vetlefjorden krins

Vetlefjorden krins var ein skulekrins i Balestrand kommune i Sogn.

Skulehus

Skulehuset i Vetlefjorden krins sto på Meland og hadde plass til 28 born. Huset hadde ein "familiebekvemmelighed med en liten jordvei" som høyrte til.

I ei minneoppgåve for eldre frå innsamlinga i 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden om skuledagane tidlig på 1930-talet. Om skulehuset og utstyret minnest hen: "Skulen og utstyret var enkelt. Det var kart over heimdelene og landet. Så var der plansjer over planter, dyr, fisk og fugl. Der var ôg ein gamal globus og ting til enkle fysikkeksperiment".

Skulehuset vart rive i 1980-åra i samband med utbygging av Mel kraftverk. På tomta vart det reist samlingshus for arbeiderane på kraftverket.

 
Tomta med samlingshus slik det står i dag.

Etter at skulehuset vart rive, blei Vetlefjorden krins slått saman med Sværefjorden krins og det nye skulehuset blei på Fjordtun.

 
Fjordtun skule. Skulehuset blir brukt som barnehage og skule for 1 og 2 trinn.

Skuledagen

Informanten i minneoppgåve for eldre frå 1996 skriv ein informant frå Vetlefjorden vidare om skuledagen: "Skulen var todelt slik at dei miste gjekk tre dagar i veka og dei største tre dagar i veka." Om gymnastikkundervisninga kan vi lese: "Gymnastikken gjekk føre seg ute med "bøy og tøy", men vi fekk nok fysisk fostring med den daglige gåinga." og vidare om friminutta: "I det lange friminuttet var me ute. Var det fint ver, slo me ball eller gjorde ymse leikar. Me gutane kappast i enkle idrettsleikar. Me gutane kappast for å vere populære og for å vere kar over jentene."

Skogplanting

Skogplanting var også ein del av skuletida til denne informanten: "Noko av mine beste minner frå skuletida var mellom anna skogplantardagane. Det var avtale med bøndene at det bad om å få skuleborn skogplanting. Så fôr flokken av gårde. Jentene planta og gutane bar hakka og plantene. Det var trivelege dagar, men med litt ugreie plantarane i mellom. Det vart bringa korger med mat og mykje drikke. Så sette læraren i gang eit prosjekt som vart minnerikt. Me samla kongler av gran, furu og lerk og tørka dei. Frøa sådde vi under glas i drivbenk. Etter 3-4 år med ymse stell stod det benk etter benk med mengder av skogplanter. Det var ein stor dag då alle møtte opp, også dei som var gått ut av skulen. Så blei det delt slik at dei som var med frå starten av og som framleis gjekk i skulen fekk størst kvote. Dei yngste med kort skuletid og dei eldste som var ute av skulen, fekk mindre. Plantene vart planta rundt om på gardane, og minner om ei glad skuletid i 1930-40 åra."

Skulevegen

Informanten i minneoppgåva frå innsamlinga i 1996 skriv også om skulevegen: "Skulen låg mist i dalen, og frå ytterkantane var det 3 km å gå. Om sommaren (og vår og haust) var det berre moro å gå. Verre var det i ruskete vær og når det var mykje snø. Det var berre ein hesteplog som brøyta vegen, så me måtte ofte vasse i snø(...) Når det var vinter brukte vi spart, og den meistra vi ypperleg. På stålis og glatt føre var det reine "Rally Cross". Me hadde gjerne to på setet og bak på meiane sto så mange som fekk plass. Det henda at dei bakaste skapp taket og fall av, men stort sett gjekk det bra. Det var sjeldan vi bruka skia. Det var berre dersom det var skitur for heile klassen. Syklar var det lite av på den tida, så det var lite brukt."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jonsen Lasse 1862 1885
Mundal Ivar H. 1885 1926
Gill Bernt 1926 1931
Eiken Ingvald 1931 1940
Sjøtun Astrid 1940 1958
Raubotn Ivar 1958 1969
Ryssdal Margot 1969 1971
Tjugum Tor 1963 1965 deltid

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  • Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1896-1900. John Griegs Bogtrykkeri 1902
  • Møtebok for tilsynsutvalet i Vetlefjorden skulekrins og Sværefjorden skulekrins, 1890-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Tjugum indre distrikts omgangsskule (Vetlefjorden, Sværefjorden, Ytre Fjærland og Eithun roder), 1860-1878. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Vetlefjorden skulekrins og Sværefjorden skulekrins, 1878-1890. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Vetlefjorden skulekrins, 1891-1913. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnesbyrd for Vetlefjorden skulekrins, 1893-1943. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Skuleprotokoll for Vetlefjorden skulekrins, 1914-1964. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Avgangsvitnemål for Vetlefjorden skulekrins, 1944-1969. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vetlefjorden skulekrins og Sværefjorden skulekrins, 1880-1891. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vetlefjorden skulekrins, 1891-1910. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vetlefjorden skulekrins, 1911-1961. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Vetlefjorden skulekrins, 1961-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Tilvekstliste og rekneskapsbok for Vetlefjorden skuleboksamling, 1901-1961. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Utlånsbok for Vetlefjorden skuleboksamling, 1928-1952. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Utlånsbok for Vetlefjorden skuleboksamling, 1952-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

MO96S-F06, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.29906° N 6.56441° Ø