Volda husflidslag

Volda husflidslag vart skipa 19. januar 1906. I føremålsparagrafen som vart vedteken på skipingsmøtet, heitar det: §1 Laget hev til maal aa vekkja og styrkja hugen til husflidsarbeid i Volden. Husflidstradisjonen i Volda går langt tilbake i tid, allereie på slutten av 1700-talet arbeidet Gunhild Aarflot for «Huusflidens Fremme». Husflidslaget er og har vore ein aktiv kulturberer i over hundre år i Voldasamfunnet. Blant dei tidlegare leiarane er Oline Vassbotn Drabløs.

Volda husflidslags logo frå 2013.

Husflidslaget har en omfattande aktivitet, dei faste aktivitetane er vevstova, sløydgruppa, Ung Husflid, husflidskveldar og bunadskafé. I samarbeid med andre aktørar gjennomfører laget kulturarrangementet som til dømes førjulsøndag på Haueleite.

Husflidslaget i Volda lagslokaler i Smitsgate 1, har omlag 90 medlemmer og er tilslutta Møre og Romsdal husflidslag og Norges Husflidslag.

Kjelder

  • Andenes, Gunnar (red.): Volda husflidslag 100 år: 1906-2006, Volda 2006.
  • www.husflid.no

Eksterne lekkjer