Åfjord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 20. jun. 2012 kl. 09:51 av Aslak Kittelsen (Samtale | bidrag) (nynorsk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åfjord kommune er ein kommune på Fosenhalvøya nord i det tidligare Fosen futedømme i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen grensar til Roan kommune i nord og til Bjugn kommune og Rissa kommune i sør; og uti havet i vest ligg Froan, som høyrer til Frøya kommune. I aust grensar Åfjord til Verran kommune og Namdalseid kommune i Nord-Trøndelag fylke.

Åfjord kommune har ei sterk tilknytning åt havet, og har fått ein båttype oppkalla etter seg, nemleg Åfjordsbåten. Åfjordmuseet og Åfjordbåten kystlag held tradisjonane rundt desse båtane i hevd.