Åslandsgrend: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Åslandsgrend''' ligg høgt og fritt på ein ås nordvest for Hegglandsgrend i Fyresdal '''Namnet''' Åslandsgrend og Hegglandsgrend har båe eit grendenamn som har noko til felles…) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 40: | Linje 40: | ||
'''Skule''' | '''Skule''' | ||
Åslandsgrend skule Gnr. 57/9 er ein tradisjonsrik skulestad der skulehuset i 2023 fungere som eit godt drive grendehus. | [[Åsland skule|Åslandsgrend skule]] Gnr. 57/9 er ein tradisjonsrik skulestad der skulehuset i 2023 fungere som eit godt drive grendehus. | ||
[[Kategori:Fyresdal kommune]] | [[Kategori:Fyresdal kommune]] | ||
[[Kategori:Grender og bygdelag]] | [[Kategori:Grender og bygdelag]] |
Sideversjonen fra 5. feb. 2023 kl. 15:31
Åslandsgrend ligg høgt og fritt på ein ås nordvest for Hegglandsgrend i Fyresdal
Namnet
Åslandsgrend og Hegglandsgrend har båe eit grendenamn som har noko til felles i land-nemninga og at dei båe har blitt borte i si opphavelege form. Truleg har heile Åslandsgrend vore ein gard med namn Åsland, men garden var oppdela og borte lenge før me har skrivne kjelder. Det er Breiland Gnr. 57/6 som peikar seg ut som den store funnstaden i grenda.
Gardar i Åslandsgrend
- Austjord. Gnr. 54
Austjord, eller det austre jordet, må etter namnet å døme vore skild ut frå ein større gard som truleg heite Åsland.
- Eiken. Gnr. 55
Gardsnamnet kjem truleg frå trenamnet eik.
- Lundehall. Gnr. 56
Namnet kjem frå lund i ein skråning.
- Rinden. Gnr. 57
Ordet rindi tyder ein jordrygg eller ei lang høgde.
- Haga. Gnr. 58
Hage tyder hamnegang eller inngjerda jordstykke og er med på å teikne biletet av ein større gard dela opp i mindre partar i fjern fortid.
- Holer. Gnr. 59
Namnet kan peike på rundaktige høgder.
- Graver. Gnr. 60
Ei grav er eit hol i bakken laga av menneskje og truleg har det vore dyregraver her til fangst i gamal tid.
Skule
Åslandsgrend skule Gnr. 57/9 er ein tradisjonsrik skulestad der skulehuset i 2023 fungere som eit godt drive grendehus.