Ø. Uri & Sønn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. apr. 2014 kl. 08:21 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ø. Uri & Sønn''' er ei rørleggarbedrift i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Øystein Uri 1946. Bedrifta har utført alle slags rørleggartenester, både for bedrifter og privat...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ø. Uri & Sønn er ei rørleggarbedrift i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av Øystein Uri 1946. Bedrifta har utført alle slags rørleggartenester, både for bedrifter og private. I tillegg har Ø. Uri & Sønn hatt butikkutsal av baderomsutstyr og sanitærartiklar i eigne lokale i Sykkylven sentrum. Etter at Øystein Uri trekte seg ut av drifta, tok sonen Terje Uri over leiinga av verksemda. Under Terje Uri si leiinga voks bedrifta kraftig og tok også på seg mange oppdrag utanfor kommunegrensene. Terje Uri engasjerte seg også i produksjon av baderomsinnreiingar gjennom verksemda TT Multi.

I 2014 vart sykkylvsverksemda kjøpt opp av Gjerde Invest som dreiv Rørservice Ulsteinvik. Ø. Uri & Sønn hadde då 27 tilsette og ein god ordrerserve. Hovudeigar Terje Uri forklarte salet med at bedrifta stod framfor eit generasjonsskifte, og at dei difor fann tida rett for eit sal. Selskapet heldt på namnet sitt etter eigarskifte, og Bjørn Vegsundvåg heldt fram som dagleg leiar av rørleggarbedrifta.

Ø. Uri & Sønn hadde i 2013 ei omsetning på 40 millionar kroner.

Kjelde:

  • Sykkylvsbladet 4.4.2014.
  • Vestlandsnytt 4.4.2014.