Øen gamle skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øen skulehus i Hyllestad kommune vart bygd i 1926. Det er eit stort hus med tre etasjar. I underetasjen har det vore to undervisningsrom/arbeidsrom samt toalett for både gutar og jenter. I første høgda vart det halde skule i to store klasserom, og i andre høgda var det to bueiningar til lærarar.
Eit privat initativ for å setje i stand huset og gjere det om til eit kultur- og grendahus er sett i gong av ein tidlegare elev ved skulen, Sissel Hatløy. [1]
Skulekrets
I 1861 var Øen i same skulekrets som Ulvik, Salbu, Sundbotn, Smilden, Hatlem og Leirpoll. I 1891 var Ulvik og Hatlem eigne krinsar, men i 1963 heiter krinsen Øen. I 1990 omfatta Øen krins Lerpold, Horne, Sundbotten og Gil.
Foto
- Skulebygning, Øen skule 1920-1940
- Elevar ved Øen skule omlag 1935. Lærar Magnus Rye står bakerst i midten.
- Øen Skule 1940. Dette er storskulen framfor skulehuset på Øen. Lærar var Fritjov Vik.
- Snikkarskule som var i kjellaren på Øn skule i 1952. Her ser me ei gruppe i sterk konsentrasjon ved høvel- benkene. Lærar var Einar Sognnes.