Øen gamle skule
Øen skulehus i Hyllestad kommune vart bygd i 1926. Det er eit stort hus med tre etasjar. I underetasjen har det vore to undervisningsrom/arbeidsrom samt toalett for både gutar og jenter. I første høgda vart det halde skule i to store klasserom, og i andre høgda var det to bueiningar til lærarar.
Skulekrets
I 1861 var Øen i same skulekrets som Ulvik, Salbu, Sundbotn, Smilden, Hatlem og Leirpoll. I 1891 var Ulvik og Hatlem eigne krinsar, men i 1963 heiter krinsen Øen. I 1990 omfatta Øen krins Lerpold, Horne, Sundbotten og Gil.
Anna bruksområde
Hausten 1978 stod den nye skulen på Øen klar, og Øen gamle skule vart etter dette brukt blant anna til kurs, verkstader og øvingslokale.
Eit privat initativ for å setje i stand huset og gjere det om til eit kultur- og grendahus er sett i gong av ein tidlegare elev ved skulen, Sissel Hatløy.
Foto
- Skulebygning, Øen skule 1920-1940
- Elevar ved Øen skule omlag 1935. Lærar Magnus Rye står bakerst i midten.
- Øen Skule 1940. Dette er storskulen framfor skulehuset på Øen. Lærar var Fritjov Vik.
- Snikkarskule som var i kjellaren på Øn skule i 1952. Her ser me ei gruppe i sterk konsentrasjon ved høvel- benkene. Lærar var Einar Sognnes.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Heim og skule Nr. 1 Mars 1979