Ørsta kleklypefabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Forsøkt å forbedre beskrivelse av produksjonsprosessen
m (rettskriving)
(Forsøkt å forbedre beskrivelse av produksjonsprosessen)
Linje 38: Linje 38:


=== Klypefjøra ===
=== Klypefjøra ===
Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.
Fjørene til klypene blei produserte av Ørsta kleklypefabrikk. Til fjørproduksjon fekk fabrikken på Digernes i Ørsta levert store kveilar med ståltråd. Fjørtråd vart tredd inn i ein maskin og spunne til fjør rundt ein spindel. Deretter vart ståltråden klipt av, og fjøra sloppen ned i ein sekk.


Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert på Ørsta kleklypefabrikk. Fjøremaskinene var spesiallaga til Ørsta kleklypefabrikk. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Ørsta kleklypefabrikk kjøpte inn nye fjøremaskiner tidleg på 80-talet.
Det var litt skilnad på fjørene til klypene Guri og Solveig, men begge vart produsert lokalt. Fjøremaskinene var spesiallaga til kleklypeproduksjon. Det var tre like maskiner i drift på eit eige «fjørerom» til ein kvar tid. Nye meir moderne fjørmaskiner blei innkjøpt tidleg på 80-talet.


=== Treklypa Guri ===
=== Treklypa Guri ===
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa vart produsert samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. <ref>''Dagbladet 1994.07.03''. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_dagbladet_null_null_19940703_126_174_1}}.</ref>
Ørsta kleklypefabrikk tok til med produksjonen av Guri treklype i 1933. Klypa var i produksjon samanhengande fram til 1993, berre med opphald under krigen. <ref>''Dagbladet 1994.07.03''. Norge;Oslo;;Oslo;;;;. 19940703. {{nb.no|NBN:no-nb_digavis_dagbladet_null_null_19940703_126_174_1}}.</ref>


Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal<ref name=":0" /> og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta. [[Fil:Guri klesklyper ørsta kleklypefabrikk.jpg|miniatyr|Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen.  Foto: Musea på Sunnmøre]] Bjørkestammen blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til Ørsta Kleklypefabrikk. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.
==== Bjørkekubb ====
Treklypa Guri vart laga av bjørketre. Bjørketreet vart kjøpt frå bønder i Ørsta, andre stader i Møre og Romsdal<ref name=":0" /> og elles i Noreg. Familien Digernes skoga også bjørk sjølv i Åmdalen i Ørsta. [[Fil:Guri klesklyper ørsta kleklypefabrikk.jpg|miniatyr|Guri treklyper vart produsert samanhengande på Ørsta kleklypefabrikk frå 1933 til 1993, berre med eit opphald under krigen.  Foto: Musea på Sunnmøre]] Bjørkestamma blei kappa i meters lengder, kalla kubb, og levert til fabrikken. Her vart kubben skoren rett på 4 sider og stabla for tørking. Kubben vart tørka ved 40 grader i 3 veker. Etter tørkinga vart plankane (da vart det ikkje kalla kubb lenger) finjustert på lengda. Dette avkappet blei kalla knott, og var også ettertrakta som ved.


Etterpå sto rett- høvelen for tur, rett vinkel og bredde, før saging til 0,5 cm tjukke fjøler. For å sikre at alle fjølene var 0,5 cm tjukke vart alle plankane so ført gjennom dimensjonshøvelen. Dimensjonshøvelen overlevde brannen i 1950, då fabrikken vart totalskada, og var i viksomheit fram til fabrikkens nedlegging. Fjølene vart so førte inn i ei spesiallaga fresemaskin som freste ut klypeprofilen. Fresemaskina vart innkjøpt på 50-tallet og var den gongen revolusjonerande for produksjonen av treklyper. Halvklypene blei so lasta inn i en stor sylinder (trommel) der dei blei kasta rundt mens dei blei finslipte og tilført voks. Ein tilførte voks for at klypene skulle bli glatte, ikkje gje flisar, ikkje trekke til seg fukt og dermed bli meir haldbare. Det meste av monteringa av treklypene vart gjort utafor Ørsta kleklypefabrikk. Montering av klyper var ei kjærkommen ekstrainntekt i lokalsamfunnet.<ref name=":0" /> Kleklypefabrikken leverte klypebord med fotpedal, klypefjører, halve klyper og emballasje til dei som ville setje saman klyper heime mot betaling.
==== Høvel ====
Etterpå sto rett- høvelen for tur, rett vinkel og bredde, før saging til 0,5 cm tjukke fjøler. For å sikre at alle fjølene var 0,5 cm tjukke vart alle plankane so ført gjennom dimensjonshøvelen. Dimensjonshøvelen overlevde brannen i 1950, då fabrikken vart totalskada, og var i viksomheit fram til fabrikkens nedlegging. Fjølene vart so førte inn i ei spesiallaga fresemaskin som freste ut klypeprofilen. Fresemaskina vart innkjøpt på 50-tallet og var den gongen revolusjonerande for produksjonen av treklyper. Halvklypene vart førte frå fesen til ein stor sylinder (trommel) der dei vart kasta rundt, tromla reine for flis og tilført voks. Ein tilførte voks for at klypene skulle tåle fukt og bli meir haldbare.  
 
==== Montering av Guri ====
Det meste av monteringa av treklypene vart gjort utafor Ørsta kleklypefabrikk. Montering av klyper var ei kjærkommen ekstrainntekt i lokalsamfunnet.<ref name=":0" /> Kleklypefabrikken leverte klypebord med fotpedal, klypefjører, halve klyper og emballasje til dei som ville setje saman klyper heime mot betaling. Ein fekk betalt for antall gross ferdig pakka i kasser for utskiping.


Klypebordet minna om ein skolepult med karmar på høgre og venstre side. Bakre halvdel var delt av. Klypedelane låg i bakre halvdel. Den halve klypa kom ut på høgre side gjennom eit hol i deleveggen. På venstre side framme låg fjørene. I midten framme stod det eit lite apparat som ein sette ei fjør på. Ein trykte so på fotpedalen som var festa til apparatet med ein streng. Dette førte til at fjøra opna seg, og en kunne skyve dei to halve klypene inn på kvar side av fjøra. So slapp ein fotpedalen, fjæra lukka seg, og klypa var ferdig.  
Klypebordet minna om ein skolepult med karmar på høgre og venstre side. Bakre halvdel var delt av. Klypedelane låg i bakre halvdel. Den halve klypa kom ut på høgre side gjennom eit hol i deleveggen. På venstre side framme låg fjørene. I midten framme stod det eit lite apparat som ein sette ei fjør på. Ein trykte so på fotpedalen som var festa til apparatet med ein streng. Dette førte til at fjøra opna seg, og en kunne skyve dei to halve klypene inn på kvar side av fjøra. So slapp ein fotpedalen, fjæra lukka seg, og klypa var ferdig.  


For dei som arbeidde på Ørsta kleklypefabrikk var vekas høgdepunkt fredagen med utkøyring på bygda av materialar, og henting av samansette klyper.  
For dei som arbeidde på Ørsta kleklypefabrikk var vekas høgdepunkt fredagen med utkøyring på bygda av materialar, og henting av samansette klyper. Bygdesladder og nyhende var en kjærkommen avveksling frå produksjonen på fabrikken.  


Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å jobbe fortast. {{Sitat|"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "|Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994 }}
Det fantes også mange klypeapparat på loftet på Ørsta kleklypefabrikk, og der kunne ungdomane på Digernes kome og tene seg ein ekstra slant. Det var særskilt før jul og før 17. mai at aktiviteten var stor på loftet. Ungdomane, nesten alle med etternamn Digernes, konkurrerte då om å montere raskast og tene mest pengar. Gamlefar Johan Digernes, sat også på loftet på fabrikken og monterte klyper på sine eldre dager, etter at han overlet drifta av fabrikken til borna.  {{Sitat|"Hele 10 gross i timen, eller 1440 klyper kunne de raskeste montere i timen. Men de var jenter. "|Rolf Digernes, Dagbladet 3.juli 1994 }}


=== Plastklypa Solveig ===
=== Plastklypa Solveig ===