A. Asbjørnsen Lenestolfabrikk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''A.Asbjørnsen Lenestolfabrikk''' var ein møbelprodusent som heldt til i Knutgarden på Aure i Sykkylven. Bedrifta vart starta av Asbjørn Asbjørnsen i 1943. Verksemda var eit fr...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''A.Asbjørnsen Lenestolfabrikk''' var ein møbelprodusent som heldt til i Knutgarden på Aure i Sykkylven. Bedrifta vart starta av Asbjørn Asbjørnsen i [[1943]]. Verksemda var eit framhald av ein korgvarefabrikk som Petter Con. Hjorthol og Petter O. Straumsheim hadde skipa i [[Straumgjerde]] i 1933. Petter Hjorthol og Asbjørn Asbjørnsen dreiv i lag i vel eitt år før Asbjørnsen tok over utstyret og byrja for seg sjølv i 1943.
'''A. Asbjørnsen Lenestolfabrikk''' var ein møbelprodusent som heldt til i Knutgarden på Aure i Sykkylven. Bedrifta vart starta av Asbjørn Asbjørnsen i [[1943]]. Verksemda var eit framhald av ein korgvarefabrikk som Petter Con. Hjorthol og Petter O. Straumsheim hadde skipa i [[Straumgjerde]] i 1933. Petter Hjorthol og Asbjørn Asbjørnsen dreiv i lag i vel eitt år før Asbjørnsen tok over utstyret og byrja for seg sjølv i 1943.


Han fekk lokale i husværet til svigerforeldra i Knutgarden. Asbjørnsen spesialiserte seg på overstoppa lenestolar og salongar.
Han fekk lokale i husværet til svigerforeldra i Knutgarden. Asbjørnsen spesialiserte seg på overstoppa lenestolar og salongar.

Sideversjonen fra 10. sep. 2013 kl. 08:56

A. Asbjørnsen Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent som heldt til i Knutgarden på Aure i Sykkylven. Bedrifta vart starta av Asbjørn Asbjørnsen i 1943. Verksemda var eit framhald av ein korgvarefabrikk som Petter Con. Hjorthol og Petter O. Straumsheim hadde skipa i Straumgjerde i 1933. Petter Hjorthol og Asbjørn Asbjørnsen dreiv i lag i vel eitt år før Asbjørnsen tok over utstyret og byrja for seg sjølv i 1943.

Han fekk lokale i husværet til svigerforeldra i Knutgarden. Asbjørnsen spesialiserte seg på overstoppa lenestolar og salongar.

I 1949 byrja han å byggje hus på ein parsell av Knutgarden. Då han hadde fått opp grunnmurane og støypt plate over, kunne han flytte verksemda dit. Fabrikken disponerte då eit produksjonsareal på 130 kvadratmeter. Arbeidsstokken vart etter flyttinga utvida til seks personar medrekna eigaren. Varene vart selde over heile landet, men mest gjekk til møbelhandlarar på Austlandet og Sørlandet.

Bedrifta vart avvikla i ordna former i 1960.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.