A. Asbjørnsen Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A. Asbjørnsen Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent som heldt til i Knutgarden på Aure i Sykkylven. Bedrifta vart starta av Asbjørn Asbjørnsen i 1944. Asbjørnsen kom til Sykkylven, frå Øverdalen i grenseområdet mellom Romsdal og Oppland, i 1934. Han hadde skreddarbakgrunn og dei første åra han var i Sykkylven arbeidde han i konfeksjonsverkstaden til Paul Furseth. Då krigen kom vart det vanskeleg å halde oppe produksjonen, og Asbjørnsen dreiv i ei tid med skogs- og byggjearbeid. Eit stykke ut i krigsåra kom han i gang med møbelproduksjon. Møbelverksemda var eit framhald av ein korgvarefabrikk som Petter Con. Hjorthol og Petter O. Straumsheim hadde skipa i Straumgjerde i 1933. Petter Hjorthol og Asbjørn Asbjørnsen dreiv i lag i vel eitt år før Asbjørnsen tok over utstyret og byrja for seg sjølv i 1944.

Han fekk lokale i husværet til svigerforeldra i Knutgarden. Asbjørnsen spesialiserte seg på overstoppa lenestolar og salongar.

I 1949 byrja han å byggje hus på ein parsell av Knutgarden. Då han hadde fått opp grunnmurane og støypt plate over, kunne han flytte verksemda dit. Fabrikken disponerte då eit produksjonsareal på 130 kvadratmeter. Arbeidsstokken vart etter flyttinga utvida til seks personar medrekna eigaren. Varene vart selde over heile landet, men mest gjekk til møbelhandlarar på Austlandet og Sørlandet.

Bedrifta vart avvikla i ordna former i 1960.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
  • Intervju med Asbjørn Asbjørnsen, 1999. Norsk Møbelfaglig Senters arkiv, Sykkylven.