Agder Folkemusikkarkiv

Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.

Inngangen til Folkemusikkarkivets kontorer
Foto: Siri Johannessen

Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus).

Mål og retningsliner

Frå heimesida til arkivet:

  1. Å etablere og drive arkiv for folkemusikk og folkedans i Agder.
  2. Å sikre at eldre og nyare folkemusikk og folkedans i Agder vert teke vare på for framtida.
  3. Å bidra til at formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Agder styrkast.
  4. Å halde arkivets funksjonar lett tilgjengelege for brukarane.
  5. Å aktivt spreie informasjon om og tilby arkivets tenester ovanfor kommunane i Agder, institusjonar, organisasjonar og enkeltpersonar.

Samlingane

Folkemusikkarkivet samlar inn og har:

  • omlag 25 000 lydkutt med folkemusikk (2008).
  • mange digitale videopptak av det innsamla tradisjonsstoffet og gamle private smalfilmopptak som har blitt kopiert til video. Mellom anna omfattar samlinga opptak frå kappleikar og konsertar attende til 1950-talet.
  • fotografisamling av tradisjonsutøvarar frå Agderfylka. Desse kjem mellom anna frå offentlege og private samlingar, og enkeltfoto samla inn på vitjing hos informantar.
  • trykte og handskrivne notar av slåttar og vokalstoff, båe tradisjonelle og nyare verk komponerte på grunnlag av folkemusikk frå Agderfylka.
  • trykte og handskrivne tekstar av vokalstoff frå private og offentlege samlingar.
  • ein stevbase med omlag 2500 stev på internett der ein kan søkje på emneord.
  • eit fagbibliotek med omlag 250 titlar, og arkivet freistar å samla det meste av utgjevne trykte media som omhandlar tradisjonell musikk og dans i Agderfylka.
  • eit musikkbibliotek med omlag eit par hundre fonogramutgjevingar med agdermusikk.
  • eit klypparkiv med fagartiklar mellom anna frå tidsskrift og aviser.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 59.094900° N 7.527194° Ø