Alf Jacobsens Boktrykkeri
Alf Jacobsens Boktrykkeri blei starta i 1939. Trykkeriet låg i Storgaten i Brevik i noverande Porsgrunn kommune. Mottoet til verksemda var "Bedre trykksaker".[1]
Historikk
Alf Jacobsen overtok boktrykkeriet frå Albretsens trykkeri i 1939. Før Albretsen hadde Bratsberg Blad hatt tilhaldsstad i lokala, med A. Naper som boktrykkar.
Jacobsen var utlært i Brevik, og hadde teke svennebrev i 1931. Han løyste handverksborgarskap i 1934. Utdanning hadde han frå teknisk aftenskule, kurs ved teknologisk institutt, forutan vanleg middelskuleutdanning. I 1938 fekk han stipend til studieopphald i Stockholm.
Boktrykkeriet til Jacobsen leverte hovudsakleg skjema, formularer og vanlege aksidensarbeid til industri- og handelsverksemder i distriktet. Verksemda sysselsatte ein svenn, ein læregut og ei hjelpepike kring 1950, i tillegg til Jacobsen sjølv.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Referansar
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 475