Alvedans

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. mai 2008 kl. 08:47 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: '''Alvedans''' er nemning på eit kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren. Det førekjem helst i utmark og beitemark og teiknar seg som regelmessige fordjupingar og forhøging...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Alvedans er nemning på eit kulturminne som først og fremst er kjent frå Jæren. Det førekjem helst i utmark og beitemark og teiknar seg som regelmessige fordjupingar og forhøgingar i landskapet. Forma kan vera rund, oval, men også firsidig. Fordjupingane kjem av at terrenget er blitt grøfta. På eine eller begge sidene av grøfta er det danna vollar. Storleiken på desse anlegga kan variera frå 3 x 2,5 til opptil 12 x 19 meter. Dei kan finnast enkeltvis eller i grupper på opptil 12-13 stykke. Fleirparten av dei registrerte alvedansane ligg på Låg-Jæren. Særleg Hå kommune har mange.

Arkeologiske og naturvitskaplege granskingar av desse anlegge knyttar dei til kystlyngheia. Det dreier seg om stakkeplasasar der det er blitt lagra høy. Grøfting har skjedd for at høyet skulle halda seg mest mogeleg tørt ved lagring i vintermånadene. C-14 dateringar av alvedansar tyder på at dei kan gå tilbake til folkevandringstid (400-550 e. Kr.). Bruken av slike stakketufter auka i takt med intensivert bruk av utmarka frå ca. 900 e. Kr. Nenminga alvedans kjem av at slike stakketufter i folketrua er sett på som stader alvane dansa natttestid. Dei dansa ringdans og sette spor etter seg i landskapet.