Alvs veg

Alvs veg var ein 83 meter lang blindveg i Vrådal i Kviteseid kommune som gjekk nordover frå Vråliosvegen mot Roarvegen. Han er i dag ein stikkveg frå Vråliosvegen.

Tidlegare Alvs veg i Vrådal sett nordover frå Vråliosvegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Ein veit ikkje kva som var namneopphavet til vegen. Berre eit bustadhus, nr. 4, hadde adresse til Alvs veg. Dette er no nr. 165 til Vråliosvegen.

Kilder

  • Statens vegvesen: Alvs veg
  • Kviteseid kommune: Offisielle vegadresser pr. 2016.pdf, 1095 Alvs veg, 4. mai 2016


Koordinater: 59.32197° N 8.46640° Ø