Anne Håtveit

Sideversjon per 3. mar. 2017 kl. 17:58 av Siri J (samtale | bidrag) (internlenke)

Anne Håtveit var ein bunadtilverkar (fødd 3. november 1894 i Morgedal). Ho var dotter av Åsmund Olavsson Drotning (1836-1928) og Kristi Aslaksdotter Særen 1848-1816) og syster til Signe Håtveit.

Bunadtilverkaren Anne Håtveit frå Morgedal
Foto: Augusta Herrlin, Skien

Anne har etterlatt seg mange rosemønster, som stadig blir bruka til brodering av Vest-Telemark bunadar. Anne flytte saman med syster si, Signe, til Kviteseid. Dei kaupte plassen Kyrkjebø gnr.40 bnr.3 i 1937. Anne og Signe blei kalla for Håtveit-jentun. Deira niese, Margit Nilsen, overtok mønstra etter tantene då dei gjekk bort.


Kjelder

Eksterne lenker