Anne Reinton (1842–1929)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. sep. 2017 kl. 14:37 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Jordmor f. 1844 Ål og Hol)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Larsdotter Reinton (fødd 30. november 1842, død etter 1910) var utdanna jordmor og virka i jordmordistrikta Ål og Hol mellom 1864 og og 1894.

Anne vart fødd på Gol. Ho var dotter av Lars Larson Lauvdokken frå Gol og Margit Embrikksdotter frå Ål. I 1867 gifte ho seg med gardbrukar Ola Sjugurdson (1820-1911) frå øvre Reinton. Ho var andre kona hans og paret fekk to born saman.

Reinton var tilsett som jordmor i Ål jordmordistrikt i 1864, med eit virkeområde som svara til prestegjeldet Ål. Praksisen skulle ligge mellom Strand og Sundre, og i folketellinga for 1865 er ho registrert som jordmor og busett som innerst på garden Sandaker i Breie, i dag (2017) Ål kommune. Då Anne gifta seg med Ola S. Reinton i 1867, fekk ho lov til å drive praksisen sin frå Øvre Reinton (4/1), i dag Hol kommune.

I 1872 vart Hol eige jordmordistrikt (fem år før Hol vart skilt ut frå Ål som eigen kommune). Frå det året virka Reinton berre i Hol. Då vedtok Ål herad å sende Kristi Varaberg på jordmorskule. Då Anne slutta i 1894, tok Margit Nerol over praksisen hennar.

Anne Reinton var også den fyrste jordmora som fekk ansvar for vaksinasjonen i bygda. Sjølv om vaksinasjon vart lovpålagd i 1815, vart det nok ikkje gjennomført før frå 1819. Dei fyrste året var det lærarane som sto for vaksineringa, men frå 1886 tok jordmødrene over.

Kjelder

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
  • Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Bd. 2, s. 465, 481. Bd. 3, s. 73-74.
  • Folketellinga for 1865 for Ål prestegjeld (pf01038088004741). Fødselsdato her oppgitt til ca 1844.
  • Folketellinga for 1900 for Hol herad (pf01037116001105). Fødselsdato her oppgitt til 1841.
  • Folketellinga for 1910 for Hol herad (pf01036469000049). Fødselsdato: 30/11-1842.