Askvoll sogenemnd

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. sep. 2021 kl. 06:25 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Råtekst frå 2019-undersøkinga.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Askvoll sogenemnd i Askvoll kommune vart skipa i 1946. Laget gjev ut årsskriftet Sogehefte for Askvoll.

Askvoll sogenemnd. 2. Eventuelle tidligere navn: 3. Stiftelsesår/dato: 1947 4. Lagets ledere, fra oppstart til nå: Eit kommunestyremøte i 1946 bestemte seg for å velje ei nemnd «som skal arbeide ut ei bygdebok for heradet». Nemnda besto av Abraham Loftheim, Mads Flokenes, Abraham Strømmen, Anton Stang, Annas Hovland, Sevrine Landøy og Tormod Rogne. Ein overlet til nemnda å definere korleis dette skulle gjerast. Abraham Loftheim var leiar den første tida. Seinare var både Abraham Strømmen og Annas Holand leiarar. Sverre Landøy var leiar i periodar på på 70, 80-talet. Helga Einen overtok som leiar på 90-talet. Frå 1999 til 2011 var Gaute Losnegård leiar, Atle Hellevik tok over og var leiar til 2015, då Gaute Losnegård kom tilbake og har leia nemnda fram til fram til 2019. Underteikna, Hilde Wåge, vart vald som leiar i 2019. 5. Andre viktige personer, samt begrunnelse: Abraham Loftheim som skreiv dei første bygdebøkene. Sverre Landøy, ei ildsjel som bidro med mykje interessant stoff. Han hadde vore krigsfange i Tyskland. Gaute Losnegård som skreiv dei nye bygdebøkene. 6. Formålsparagraf/målsetting:

Ingen. Det var opp til nemnda og definere arbeidsområde sitt.

7. Eventuelle tidligere formålsparagrafer: Ingen. 8. Medlemstall: 7 medlemmer vald av kommunestyret + 3 vara. 9. Utviklingen av medlemstall: Dette er ei fast nemnd, ingen medlemsorganisasjon. 10. Annen relevant informasjon (endringer i organisasjonen, perioder med inaktivitet etc.): Nemnda har vore aktiv i heile perioden. Det ser ut som om aktiviteten har auka og vore størst dei siste 30 åra.


Del 2: Lagets arbeid Svar gjerne utfyllende på disse punktene 11. Hva har vært hovedaktiviteten til laget?: Ulike publikasjonar. 12. Hvilke publikasjoner har laget utgitt?: Abraham Loftheim skreiv den første bygdeboka i tre bind tidleg på 70-talet. Ei kyrkjehistorie i hovudsak og to bind om ættene i kommunen. Ei fjerde bok vart skrive på 80-talet, om ættene i ein ny del av kommunen. (Grensene endra i 1964) Frå 1981 vart det gjeve ut sogeskrift/hefte med ulike artiklar med lokalt stoff. I byrjinga vart ikkje desse publisert kvart år, men frå 1992 til 2004 kom heftet kvart år. Frå 2004 ein pause på grunn av arbeidet med ny bygdebok. Det vart påbegynt att i 2013. Det var eit opphald frå 2004 til 2013 då Gaute Losnegård skreiv den nye Allmennsoga: «Havfolk og fjordfolk» i 2 bind. Eit sers vellukka prosjekt. Stadnamnkatalog for Askvoll. Kvammen kapell 30 år. «Frå Blegja til Bulandet» Biletbok frå Askvoll. 2005 Arvid A. Follevåg, «Askvoll. Kommunesenteret ved Sunnfjordleia.» 2006 13. Har/drifter laget digitale ressurser? (Bildesamlinger på nett, wikier e.l.): Nei. Men det er fleire private personar som samlar gamle og nye bilete frå kommunen og deler med folk. I tillegg har vi fylkesarkivet si biletsamling. 14. Øvrig historikk (viktige arrangement, prosjekt, merkeår): Sogenemnda har og vore aktiv i innsamling av stadnamn, i vegskilting av kulturminne, avskrift og utgjeving av protokollane til Bernt Askevold og tusenårsjubileet. I dei siste åra har vi hatt «bokslepp» når det nye sogeheftet kjem på hausten. Vi har hatt desse på ulike stader i Askvoll, då kommunen er samansett av fleire øyer og fjordbygder med relativt stor avstand. Oppmøte har vore bra.


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!