Askvoll sogenemnd

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. sep. 2021 kl. 07:28 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Grovsortering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Askvoll sogenemnd i Askvoll kommune i Sunnfjord vart skipa i 1946. I nemnda sit det tre medlemmer valde av kommunestyret, i tillegg til tre varamedlemmer. Nemnda har arbeidd med å gi ut bygdebøker, Sogehefte for Askvoll og fleire andre publikasjonar. Sogenemnda har òg vore aktiv i innsamling av stadnamn, i vegskilting av kulturminne, avskrift og utgjeving av protokollane til Bernt Askevold .

Historikk

Eit kommunestyremøte i 1946 bestemte seg for å velje ei nemnd «som skal arbeide ut ei bygdebok for heradet». Nemnda besto av Abraham Loftheim, Mads Flokenes, Abraham Strømmen, Anton Stang, Annas Hovland, Sevrine Landøy og Tormod Rogne. Ein overlet til nemnda å definere korleis dette skulle gjerast.

Abraham Loftheim var leiar den første tida. Seinare var både Abraham Strømmen og Annas Holand leiarar. Sverre Landøy var leiar i periodar på på 70, 80-talet. Helga Einen overtok som leiar på 90-talet. Frå 1999 til 2011 var Gaute Losnegård leiar, Atle Hellevik tok over og var leiar til 2015, då Gaute Losnegård kom tilbake og har leia nemnda fram til 2019. Hilde Wåge vart vald som leiar i 2019.

Abraham Loftheim skreiv dei første bygdebøkene. Sverre Landøy var ei ildsjel som bidro med mykje interessant stoff.

Publikasjonar

Abraham Loftheim skreiv den første bygdeboka i tre bind tidleg på 70-talet. Ei kyrkjehistorie i hovudsak og to bind om ættene i kommunen. Ei fjerde bok vart skrive på 80-talet, om ættene i ein ny del av kommunen. (Grensene endra i 1964) Frå 1981 vart det gjeve ut sogeskrift/hefte med ulike artiklar med lokalt stoff. I byrjinga vart ikkje desse publisert kvart år, men frå 1992 til 2004 kom heftet kvart år. Frå 2004 ein pause på grunn av arbeidet med ny bygdebok. Det vart påbegynt att i 2013. Det var eit opphald frå 2004 til 2013 då Gaute Losnegård skreiv den nye Allmennsoga: «Havfolk og fjordfolk» i 2 bind. Eit sers vellukka prosjekt. Stadnamnkatalog for Askvoll. Kvammen kapell 30 år. «Frå Blegja til Bulandet» Biletbok frå Askvoll. 2005 Arvid A. Follevåg, «Askvoll. Kommunesenteret ved Sunnfjordleia.» 2006

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!